Det er på høg tid med litt oppdatering. Det er ikkje mangel på produksjon, igrunn. Men mykje av det som blir sydd er for tida på bestilling. Men her er iallefall litt bilder fra dei siste kreasjonane;
Kjole til min lille prinsesse, som er heilt fersk toåring.
Så er det gave til ei jente som blir sju år. Ho ønska seg heilt lik genser (i ullfilt) som eg laga til jenta mi tidlegare i vinter... og det fekk ho :-)
Og denne kjolen er spesialbestilt. Det skulle vere ein 40års-gave og kjolen skulle vere ein inspirasjonskjole. Navn til mann og barn, livsmotto, livssyn og dagdraumar er lagt inn i kjolen - og den fall visst i smak... heldigvis (puh)